Programmet for gudstenesta finn du i lenke nedst på sida.
H.M. Kongen var til tilstades denne dagen. Vigslingsgudstenesta vart leia av preses Olav Fykse Tveit, og biskopar frå dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Norden, England og Jordan medverka.
Dette var ei festgudsteneste med mykje song og musikk. Dei medverkande var Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard. Tingingsverket "Sunniva kongsdotter" av Knut Vaage vart framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.